Spadser & Blæse-ensemblet sin 46. Constitusjon


I år var det på grunn av pågåande omstende naudsynt å gjere ting på ein annleis måte enn me vanlegvis gjer på Constitusjonen, men trass alt kan me påstå at det vert ei vellukka helg.


Torsdag:

CB vert diverre avlyst i år, men vår Shjæf Malin inviterte oss heim til ho. Å, for ein kveld det vart! Me satt i hagen, med masse plass, og åt pølser og drakk. Stemninga var på topp, med både dansing og tralling, latter og musikk. Styret hadde med ein gitar og akkompagnerte trallane. Utpå kvelden forflytta me oss ned til byen for å la naboane til Malin få litt søvn. Der forsatte me med god stemning til utestadane stengte.

 

Fredag:

På fredag hylla me Blæsen sitt første oppdrag ved å spele for Stavanger Ekspressen. I år kom toget, og me spelte og lagde liv for dei som gjekk på og av, før me køyrde opp til Stiften att.

Spadsererne hadde planlagt temafest for oss når me kom opp att. Temaet var... Vors, fest og Nash. Fleire Blæsere kom med sine gledesrop når dei uttrykte at me skulle ned til byen, slik at det var mogleg med inntak av alkohol (med avstand, så klart). Gjennom kvelden fekk me ein quiz om alt frå nummeret på Taxi til korleis ein lagar ulike typar drikke. 

Her må det gis ein shout-out til servitøren på Kombinat som holdt ut alle våre merkelege ynskjer om drinkrekvisita. Nokre nevneverdige er gaffel og etepinne i glaset.


Laurdag:

Klokka åtte sto det ni nye Blæsere i uniform på ei rekke utanfor Stiften - Klare for Dåp. Detaljane rundt dette er så klart konfidensielle, men ein ting er sikkert - det er noko dei vil hugse i lang tid framover. 

Etter dei nye var døpt drog me ned til Kvadraturen og spelte oss gjennom byen, innom dei gamle øvingslokala blæsen har hatt gjennom tidene. Me hedra, fortalte historiane og pussa av plakaten ved kvart bygg. Me gjekk au og tok bilete med det nye blæsetreet me adopterte i fjor, før me spelte i fontena på Torvet.


Ein liten song for lokala



Utanfor Fjellhallen



GenCon fortel historia til lokala






I år vart gallamiddagen holdt på Tveit. Det vart ete pizza, kora stilte opp og hedra Blæsen med fleirstemt song. Vi i Blæsen spelte og nokre låtar til dei som var komme. Klukk og Quantum drog etter dei hadde sunge, men alle andre hadde ein super kveld vidare.

Utover kvelden vert det utdelt grader og eit nytt styre. To flotte Blæsere vert tildelt spadserer av 3.grad og tre vert utnemnd til spadserer av 2.grad. Vår kjære Shjæf Malin vert spadserer av 1.grad og trer derav inn i rekken med GenCons.

To av DRB 19/20 går vidare inn i det nye styret, derav Årets Perrec Tone som vert ny Shjæf. I tillegg får dei selskap av fire personar som aldri har sete i styret før.



Spadserere Hilde og Miriam av 3.grad
Spadserer Ingrid, Ingrid og Tone av 2.grad




Spadserer Malin av 1.grad


"Jeg vil gjerne takke for et fantastisk år som Schjæf. Det har vært et med mange oppturer, nedturer og uforutsette ting, men den gjengen her tar sånne ting på strak arm og med godt humør. Det har gjort utfordringene lettere å komme seg gjennom.
Blæsen for meg er minner for livet, livslange vennskap, sene kvelder med dype samtaler, sene kvelder med meningsløse samtaler, masse latter, sprell, og masse masse moro.
Takk for tre fantastiske år i styret, takk til DRB 17/18, DRB 18/19, DRB 19/20 og Katrine. Nå skal jeg overlevere nøkler og blå sløyfe, ta på meg den gule sløyfa og være den vanskelige General Consulen jeg alltid var ment til å være"

-Gen.Con Leikvoll





Det Runde Bord 20/21
Schjæf: Tone Pedersen
SousSchjæf: Ingrid Hamlandsø Hellan
MerchFond: Even Slettene Berg
RecMus: Ellen Fjelldal Lien
PerRec: Eilen Hammer Nyengen
Dirigang: Nora Holter Sommerfeldt





Takk for ein super 46. Constitusjon,


ARMEN I VINKEL!

Kommentarer